Opplæringsspråk og talemål i skulen
Kommunen og fylkeskommunen avgjer om det er bokmål eller nynorsk som skal vera den enkelte skule sitt skriftlege hovudmål. I Strand kommune er nynorsk hovudmålet. Det er også stilt ulike krav til skriftspråket for skulane sine læringsverktøy, som blant anna læremiddel og læringsressursar.
Opplæringsspråket
Opplæringsspråket er det språket opplæringa skal vera på. Dette gjeld både den skriftlege og den munnlege opplæringa. Opplæringa skal vera på norsk, samisk eller norsk teiknspråk. Lærarane kan likevel bruka andre språk i opplæringa, for eksempel i engelsk, andre framandspråk eller i tverrfagleg arbeid.
Talemål
Elevar og lærarar vel sjølv kva for talemål dei vil bruka. Talemålet er måten me snakkar på, for eksempel dialekt.
Val av skriftspråk i skulen
Kommunen og fylkeskommunen fastset ved forskrift om den enkelte skulen skal bruka nynorsk eller bokmål i den skriftlege opplæringa. Skriftspråket kommunen og fylkeskommunen fastset, vert hovudmålet for skulen. Dette står i opplæringslova §15-2.
Kommunen og fylkeskommunen kan fastsetje ulike skriftspråk som hovudregel ved skulane, men den enkelte skulen kan berre ha eitt hovudmål som er felles for alle trinn. Hovudmålet skal brukast blant anna i skriftlege oppgåver og i kommunikasjon med elevar og føresette. Det skriftspråket som ikkje er hovudmålet, er sidemålet. Avgjersla regulerer ikkje administrasjonsspråket ved skulen.
Skriftspråk i grunnskulen
Kva skriftspråk skal elevane bruka?
Elevar på 8. – 10. trinn vel sjølve om dei vil bruka bokmål eller nynorsk som hovudmål i det skriftlege arbeidet. Dei vel også sjølve om læremidla skal vera på bokmål eller nynorsk. Dette står i opplæringslova §3-1. Uansett kva elevane vel, skal skulen bruka det hovudmålet som er vedteke i sitt skriftlege materiale.
Elevar i grunnskulen kan ha rett til å bruka eit anna skriftspråk som hovudmål enn det er vedteke for skulen. Det er eit vilkår for ein slik rett at minst ti elevar på same trinn i kommunen ønskjer det. Dersom ti elevar eller fleire av desse går på same skule, har dei rett til å få opplæringa si der. Dette står i opplæringslova §3-1 tredje ledd. Formålet med retten er at desse elevane, på lik linje med dei andre elevane, skal få opplæring på sitt eige skriftspråk.
Retten til opplæring i særskilt skriftspråkgruppe inneber at desse elevane er i ein klasse der alle elevane har det same skriftspråket. Denne klassen består så lenge det er minst 6 elevar.
Regelen er ikkje til hinder for at elevane kan få mindre delar av opplæringa i ei anna gruppe, for eksempel enkeltfag eller ved ulike fellesarrangement ved skulen, så lenge formålet med retter er tatt i vare.
Dette er endringar i den nye opplæringslova som får følgjer for korleis klassane blir sett saman i overgangen mellom barneskulen og ungdomsskulen.