Beredskapskoordinator i Strand kommune, Geir Bolme, og masterstudent Maja Rugland har samarbeida om å kartlegga eigenberedskapen i Strand.Nesten 1500 personar har svart på spørjeundersøkinga til masterstudent Maja Rugland. Den gjekk til alle innbyggarar i Strand over 18 år.
Eit av dei sentrale spørsmåla var: Har du per i dag eit privat beredskapslager?
44,4 prosent svarte ja, medan 55,6 prosent svarte nei.
Med andre ord har under halvparten av dei som svarte skaffa seg eit privat beredskapslager, slik styresmaktene tilrår.
– Det er litt overraskande at ikkje fleire hadde eit privat beredskapslager. Spesielt med tanke på tida me er i og pandemien som var for ikkje så lenge sidan, seier masterstudent Rugland.
Store forskjellar
Litt under halvparten av respondentane seier dei vil skaffa seg eit beredskapslager i nær framtid, og under halvparten reknar med at beredskapslageret sitt vil rekka i ei veke.
Det er også store forskjellar i kva folk sine private beredskapslager inneheld, ifølge undersøkinga. Flest oppgir at dei har mat som toler lagring i romtemperatur, at dei har varme klede og pledd, fyrstikker og stearinlys og lomme- og hovudlykter.
– 64,4 prosent svarer at dei har reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker. Vatn må inn i beredskapslageret til folk. Det er veldig viktig, seier Rugland.
Samla sett svarer om lag ein tredjedel at dei er godt eller svært godt førebudde dersom ei krise på ei veke medfører tap av vatn, mat, straum eller kommunikasjonsnett.
Eigenberedskapsveke
Masterstudent Rugland har samarbeida med Strand kommune og beredskapskoordinator Geir Bolme om kartlegginga.
Bolme er oppteken av at alle har eit privat beredskapslager, slik at dei er førebudde og kan klara seg sjølve dersom det skjer ei krise.
– Ved ei hending må kommunen først og fremst syta for dei sårbare gruppene. Dei andre må kunne klara seg sjølve, seier Bolme.
Han minner om at det denne veka er eigenberedskapsveke og at norske styresmakter nyleg endra råda for eigenberedskap. Når tilrår Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) at du er førebudd på å klara deg sjølv i ei veke, i staden for tre dagar.
Sjekkliste for eigenberedskap
I samband med eigenberedskapsveka oppfordrar kommunen handelsnæringa i Strand til å fremja varer som kan vera aktuelle for innbyggarane å ha.
– Med andre ord har du denne veka ekstra gode sjansar til å fylla opp beredskapslageret ditt, seier Bolme.
Sikker Hverdag har laga ei sjekkliste for din eigenberedskap.
Under eigenberedskapsveka vil også alle husstandar i Norge få tilsendt ein brosjyre i posten om korleis ein skal styrka eigenberedskapen.