Rekordbidrag til årets TV-aksjon

Næringslivet i Strand har bidratt med om lag 200.000 kroner til årets TV-aksjon. Det er ny rekord. Søndag ettermiddag får du besøk av ein bøsseberar og kan gi ditt bidrag.

Ulike profiler i Strand er samlet rundt et bord for å samle inn penger til tv-aksjonen - Klikk for stort bildeUlike lokale profilar ringde måndag rundt til næringslivet for å samla inn pengar til årets TV-aksjon. Frå venstre: Kalle Stokka (Ap), Irene Heng Lauvsnes (ordførar), Terje Krumsvik (eigedomsmeklar), Bjørn Sølve Barka (varaordførar), Bjørn Wigdel (næringssjef i Strand) og Roald Tvedt (næringsforeininga)

Måndag kveld var ordførar Irene Heng Lauvsnes og eit par andre lokale profilar samla i Torghuset på Jørpeland. Her ringde dei rundt til lokale bedrifter for å få dei til å bla opp for årets TV-aksjon.

Den tidlegare rekorden blei sett i fjor. Då blei det samla inn 154.000 kroner frå lokalt næringsliv. I år enda beløpet på om lag 200.000 kroner.

Nye bidrag

Heile beløpet blei samla inn på berre tre timar.

– Me er takknemlege for at bidraget frå næringslivet blei såpass stort. Det var berre velvilje frå bedriftene. I tillegg var det fleire som ikkje har bidrege før som gav, seier Ole Næss i Strand frivilligsentral.

I tillegg til Næss og ordføraren, var Kalle Stokka frå Ap, Roald Tvedt frå næringsforeininga, eigedomsmeklar Terje Krumsvik,  næringssjef Bjørn Wigdel og varaordførar Bjørn Sølve Barka med på dugnaden.

– Kva gjer at det blei rekord i år, Ole Næss?

– I år går pengane til barnekreftforeininga. Det er ei sak veldig mange støttar, så eg trur rett og slett det handlar om føremålet.

På søndag får du besøk på døra

På søndag etter klokka 15 skal mange bøsseberarar gå rundt til husstandane i Strand.

Ulike lag og organisasjonar går med bøsser, i tillegg til elevar frå ungdomsskulane på Tau og Jørpeland. Dei sørger for at det er full bøssedekning i Strand.

Kvar bøsse i Strand drar inn om lag tusen kroner, anten via Vipps eller kontantar. 

– Sjølv om mange betaler med telefonen er det viktig å ringa på dørene. Det set i gang ein prosess hos folk, seier Næss.

Dersom du ikkje er heime når bøsseberaren kjem til deg, får du ein lapp på døra med betalingsinformasjon.

Gi en gave til TV-aksjonen
Vipps: 2133
Kontonummer: 8380 08 09005
Kontonummer ved bestilt faktura med KID: 1503 60 97431
SMS med kodeord TVA til 2133 (300 kroner)