Nå kan du ta ein «kaffidrøs» med ordføraren

Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes inviterer alle innbyggarar til ein uformell drøs i lokala til Strand frivilligsentral på Torghuset på Jørpeland.

Fredag 21. juni, tysdag 25. juni og onsdag 26. juni kan du møta ordføraren til ein uformell «kaffidrøs» på Torghuset.

Dette gjeld i tidsrommet frå klokka 10-14 alle dei tre dagane.

– Invitasjonen går til alle, og du kan ta opp kva som helst. Ingenting er for stort og ingenting er for smått, seier ordføraren.

Målet på sikt er at ordføraren skal setja av ein fast dag i månaden der ho inviterer innbyggarane til ein uformell prat.