Nå kan du som vil starta eiga bedrift få betre hjelp på vegen

Strand kommune har oppgradert sitt medlemskap i Skape. Det er godt nytt for deg som har ein gründer i magen, men som treng starthjelp.

Skape tilbyr individuell rådgiving og opplæring til gründerar i Rogaland som er i startfasen.  

Partnerskapet består av alle 23 kommunar i fylket og Rogaland fylkeskommune. Fylkeskommunen er administrativt ansvarleg for Skape.

Strand kommune har nå oppgradert sitt medlemskap, slik at innbyggarane i kommunen får tilgang til alle tenestene til Skape.

– Skape gir alle innbyggarar i Strand kommune tilgang til profesjonell hjelp til alle aspekt og fasar rundt det å skapa sin eigen arbeidsplass. God rådgiving og påfyll av rett kompetanse i etableringsfasen er eit viktig tilskot for å lukkast som gründer, seier næringssjef i Strand kommune, Bjørn Wigdel.

Du kan ta direkte kontakt

På Skape sine nettsider får du god oversikt over kva samarbeidsprosjektet kan hjelpa med.  

Her kan du også sjekka kurskalenderen som er aktuell for deg som vil starta eiga bedrift.

Du kan kontakta Skape direkte for rettleiing og individuell rådgiving knytt til etablering av eiga verksemd.

«Kick-off» 19. september

Det blir ei markering av oppstarten av den nye avtalen 19. september på  kommunehuset på  Jørpeland klokka 13. 

Då blir NAV, Næringsforeininga, representantar frå administrasjonen, politikarar og andre som har kontakt med potensielle etablerarar i kommunen inviterte. 

Litt seinare same dag blir det eit kurs for etablerarar i lokala til RyhubX på Tau. 

– Går du i tankar om å starta for deg sjølv, eller har alt kome i gang, er dette staden for deg, seier Wigdel.

Skape vil bruka kontorfellesskapet Ryhub på Tau og møtelokala i RyhubX. 

Målet er at dette skal bli ein arena som bidreg til at det spirer og gror fram nye gründarar i regionen.

Har du lyst  til å delta på markeringa av oppstart av ny avtale og læra meir om tilbodet frå Skape, så ikkje nøl med å ta kontakt med næringssjef Bjørn Wigdel i Strand kommune på telefon 91612448 eller e-post bjorn.wigdel@strand.kommune.no