Nå blir det gratis ungdomskort i Ryfylke

Frå 1. september 2024 kan ungdom i Ryfylke reisa gratis med kollektivtransport i Rogaland.

Ungdomsbilletten gjeld for dei mellom 15 og 22 år som er busette i Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand-delen av Sandnes.

Det betyr gratis reiser på dei fleste bussar, hurtigbåtar, tog og ferjer i Rogaland.

– Me vil at ungdom skal ha ein fordel med å bu i Ryfylke. Me ønsker også at ungdom skal ta meir buss og båt og at dei får sjansen til å reisa kollektivt der dei ønsker, uavhengig av økonomi, seier rådsordførar i Ryfylkerådet og ordførar i Strand kommune, Irene Heng Lauvsnes.

Varer ut 2025

Det var hausten 2023 Ryfylkerådet bestemte at alle ungdommar med folkeregistrert bustadadresse i Ryfylke-kommunane skal få tilbod om gratis ungdomskort.

Det blei bestemt at ordninga skal tre i kraft frå 1. september 2024 og vara til og med 31. desember 2025.

Ordninga blir evaluert hausten 2025. Etterpå blir det tatt stilling til om ordninga blir vidareført.

Må søka om tilbakebetaling

Du kjøper sjølv U23-billetten gjennom Kolumbus sin mobilapp og søkjer om tilbakebetaling i etterkant gjennom eit elektronisk skjema.

Det er lagt ut grundig informasjon om ordninga på Ryfylke IKS sine nettsider.

Trur sju av ti vil nytta tilbodet

Dersom alle i aldersgruppene nyttar seg av tilbodet elleve månader i året, vil det kosta seks millionar kroner.

Men ordførarane i Ryfylke trur sju av ti vil nytta tilbodet, slik at kostnaden blir maksimalt fem millionar kroner i året.

Gratis-ordninga blir finansiert gjennom Ryfylkefondet.