Leigekontrakten for Lysebygget blei signert av Irene Heng Lauvsnes (ordførar) og Ola Soppeland (eigar av Lysebygget gjennom selskapet Kvalshaugveien 6 AS)Det var ordførar Irene Heng Lauvsnes som måndag signerte leigeavtalen for nytt kulturhus på vegne av Strand kommune.
Leigekontrakten blei inngått med selskapet Kvalshaugveien 6 AS, eigaren av Lysebygget ved torget på Jørpeland.
Det betyr at Lysebygget skal bli kommunen sitt nye kulturhus dei neste 15 åra.
– Eg er veldig glad for at me endeleg har landa ei god løysing for nytt kulturhus. Prosjektet er 20 år på overtid, men eg er glad for at me nå prioriterer ei så viktig satsing i ei tøff økonomisk tid for alle kommunar, seier ordførar Heng Lauvsnes.
Fleire og meir varierte kulturopplevingar
Det nye kulturhuset får ei sentral plassering i sentrum, like ved torget. Eit bibliotek og hovudsal i Jørpeland sentrum vil skapa eit meir attraktivt sentrum, både for innbyggarar og turistar.
Med sal for både kino, konferanse og kulturarrangement blir det opna opp for fleire og meir varierte kulturopplevingar for innbyggarane i Strand (sjå liste over kva kulturhuset skal innehalda nedst i artikkelen).
Bygget vil vera ein viktig møteplass for alle, alt frå barn og unge (ungdomsklubb) til seniorar (Seniorenes Hus).
– Eg er veldig glad for at kulturhuset nå blir trekt nærare sentrum og torget. Det vil bety at det blir meir brukt. Bibliotek og kafé i same bygg betyr også at det kan bli ein uformell møteplass for folk, seier Heng Lauvsnes.
Namnekonkurranse
Planen er at det nye kulturhuset er innflyttingsklart seinast våren 2026.
Også konstituert leiar for kultur og næring i Strand kommune, Elin Aasheim Rossemyr, meiner det nye kulturbygget blir eit stort og etterlengta løft for heile strandasamfunnet.
Ho inviterer nå alle til å bli med på ein namnekonkurranse for det nye kulturhuset. Det er nemleg folket som skal avgjera kva signalbygget skal heite.
– Me gler oss til den vidare planlegginga av bygget, men ikkje minst namnekonkurransen. I tre veker kan du nå gi forslag til namn. Me ønsker innspel frå så mange som mogleg og tar imot alle forslag, seier Aasheim Rossemyr.
Namneforslag kan sendast til postmottak@strand.kommune.no.
Det blir også sett opp postkassar i biblioteket på Jørpeland og Tau der du kan legga ein lapp med forslaget ditt.
Etter tre veker skal ein namnekomité avgjera kva tre forslag som går til avstemming. Avstemminga vil skje på nettavisa til Strandbuen, og forslaget som får flest stemmer blir namnet på det nye kulturhuset.
Lysebygget på Jørpeland blir Strand kommune sitt nye kulturhus dei neste 15 åra.Gjenbruk og nytt utstyr
Torghuset på Jørpeland har til nå fungert som kulturhus i Strand. Men dei gamle fabrikklokala er langt frå optimale til dagens krav og forventningar til eit kulturhus. Lokala er heller ikkje eigna til ombygging.
Leigeavtalen for kulturhuset varer i 15 år, men med opsjonar om å utvida. Bakgrunnen for å leiga framfor å bygga nytt er kommunen sin utfordrande økonomiske situasjon.
Gjenbruk av interiør og møblar, i hovudsak frå Torghuset, blir viktig for å spara kostnader.
Det blir likevel behov for noko nytt utstyr. Blant anna teleskoptribune for 300 personar, supplerande sceneutstyr og noko til biblioteket.
Innan dei neste 15 åra må det planleggast for eit heilt nytt kulturhus i Jørpeland sentrum, ifølge investeringsplanen til Strand kommune og mulegheitsstudien Vågen-Grøtnes.
Målet er at det nye ustyret som blir kjøpt til Lysebygget skal flyttast vidare til det som blir det framtidig nye kulturhuset i Strand.
Det nye kulturhuset vil husa mange viktige tilbod til innbyggarane i Strand:
- Bibliotek, frivilligsentral, turistinformasjon og formidlingsrom for barn skal få plass i hovudetasjen i hovudbygget som er vendt inn mot Jørpeland torg.
- I hovudbygget vil det også vera plass til ein kommersiell aktør som kan driva kafé.
- Bibliotek blir det også i andre etasje i hovudbygget, i tillegg til møterom, kontor, stillerom, studieplassar, næringsklynge og folkeverkstad.
- Fritidsklubben får plass i underetasjen saman med Seniorenes Hus. Det blir både kjøkken, spelsoner og aktivitetssoner til fritidsklubben, i tillegg til møterom og kjøkken for lag og organisasjonar.
- I tillegg skal lagerhallane tilpassast til kulturscene og kino for om lag 300 sitjande og 500 ståande publikummarar.
- Det er også tilstrekkeleg plass til å etablera backstage og lager i tilknyting til den store hallen/kulturscena.