– Klypp hekken din

Har du ikkje klypt hekken din før skulestart, er oppmodinga frå Strand kommune klar: – Finn fram hekksaksa di snarast.

To trafikantar som er i ferd med å kollidera framfor ein hekk. - Klikk for stort bildeDet kan fort blir trafikkfarleg situasjonar om du ikkje klypper hekken din.

Du er sjølv ansvarleg for at buskar og tre på eigedommen din ikkje veks ut over fortau og veg. Dette ansvaret blir ekstra viktig nå i samband med skulestart.

Ved kryss og avkøyrslar skal hekk og busk ikkje vera høgare enn 0,5 meter.

– Me oppmodar folk til å ta eit ekstra ansvar for klypping av hekken nå som mange små er ute på skulevegen for første gong, seier fagleiar for samferdsel i Strand kommune, Gundmund Selvær.

Du risikerer varsel

Dei som jobbar med samferdsel i kommunen er nå svært travle med å klyppa hekkar og buskar ved kommunale vegar. Dei gir også varsel til dei som lar hekken gro.

– Me gir folk først varsel og høve til å ordna opp sjølv. Dersom det ikkje skjer noko, klypper me ned dei verste siktsonene sjølv. Me er avhengige av at folk passar på eigedommane sine, seier Selvær.

Gratis å kasta

Når du har klypt hekken din i Strand, må du ta turen til Nordmarka gjenvinningsstasjon. Dei har eige område for levering av hageavfall, og det er gratis å kasta.

Du kan lesa meir om reglar og god «hekk-skikk» på Strand kommune. Sjekk også Hekkalkulatoren for kva generelle siktkrav som gjeld for din eigedom.