Budsjettet for 2025: – Viktig å halda fram med stø kurs

Kommunedirektør Heidi Klaveness legg fram eit nøkternt budsjett som prioriterer dei viktigaste oppgåvene til Strand kommune. Men med god utvikling gjennom omstilling, vil det framleis vera handlingsrom i åra som kjem.

Kommunedirektør Heidi Klaveness - Klikk for stort bildeKommunedirektør Heidi Klaveness la fram sitt forslag til budsjett for kommunestyret 6. november.

Kommunedirektøren presenterte sitt forslag til budsjett for 2025 og handlings- og økonomiplan 2025-2028 for kommunestyret 6. november.

Det overordna målet er å ha ein berekraftig økonomi og utvikling gjennom omstilling. 

– Det er krevjande økonomiske tider for heile kommune-Norge. Då er det viktig å halda fram med ein stø kurs og omstillingsarbeidet som begynte i 2024. Me må redusera investeringane til eit minimum for å vera klare for nødvendige investeringar i pleie- og omsorg om nokre år, seier kommunedirektøren.

– Godt i gang med omstillingsjobben

Kommunestyret vedtok eit historisk stramt budsjett for 2024, og har vore lojale til dette gjennom omstilling og bevisste prioriteringar gjennom året. 

Det store underskotet i drifta i fjor har blitt snudd til svakt positive tal så langt i år, og gjeldsgraden går ned for første gong på lenge. 

Økonomisjef Nils Fredrik Gjerpe påpeikar at Strand kommune på mange måtar er «heldige» som starta med omstilling i fjor, før mange andre kommunar. 

Det gjer at Strand har eit godt utgangspunkt for å halda fram med ei stram økonomisk linje.

– Me er godt i gang med omstillingsjobben, men langt frå ferdige. Heile kommunen må omstilla seg i mange år framover, seier Gjerpe. 

Det er kostnadsrekna eit årleg omstillingsbehov på 20 millionar kroner utover i planperioden. Dette kjem i tillegg til omleggingar knytt til endringar i demografi.

– Strand har gode føresetnader

Strand kommune har store ambisjonar om å vera den kommunen i Rogaland det er best og bu og driva næring i.

Strand skil seg positivt ut med jamn folkevekst og ein relativt ung befolkning. Det gjer at kommunen har eit bra potensiale til å klara seg godt i tida som kjem, ifølge kommunedirektøren.

– Med det berande prinsippet om utvikling og vekst gjennom omstilling og prioritering, har Strand kommune gode føresetnader for å lukkast i møte med dei store samfunnsutfordringane, seier Klaveness.

Inntektene til kommunen har auka med om lag 20 millionar kroner som følge av endringar i inntektssystemet og ein auke i frie midlar. Utgiftene til sosialstønad, pensjonsutbetalingar, private barnehagar og nye lovpålagde oppgåver har likevel auka meir. 

Redusert gjeldsgrad

Budsjettforslaget for 2025 blir lagt fram med eit driftsresultat på 0,6 prosent. Det betyr eit overskot på drifta på om lag 8,5 millionar. Resultatet er langt under vedteke måltal på 2 prosent.

– Handlingsrommet for eigenfinansiering av investeringar og overføring til sparing, er dermed svært avgrensa, påpeikar kommunedirektøren.

Den auka omstillinga det blir lagt opp til i åra som kjem, gjer at det er venta at driftsresultatet blir styrka til 1,5 prosent i siste år av økonomiplanperioden.

Gjeldsgraden, som altså beskriv forholdet mellom gjeld og eigenkapital, er planlagd redusert ned mot 93 prosent i 2028.

Omlegging av omsorgstenestene blir prioriterte, og utgjer den største investeringa i åtte års-perioden.

– Styrking av driftsresultat, reduksjon i gjeldsgrad og god budsjettkultur i drift vil bidra til auka økonomisk og politisk handlingsrom for Strand kommune, avsluttar kommunedirektøren.

PS: 1. november la regjeringa fem milliardar kroner ekstra på bordet til kommune-Norge. 10,6 millionar gjekk til Strand. Desse er ikkje med i kommunedirektøren sitt budsjettforslag, men tilrådinga er å legga dei «på toppen» for å styrka driftsresultatet.

Kommunedirektøren sitt forslag til økonomi- og handlingsplan for 2025-2028.

Budsjettprosessen kort fortalt:

  • 6. november la kommunedirektøren fram sitt forslag til budsjett for 2025 og handlings- og økonomiplan (HØP) for 2025-2028. Forslaget blei lagt fram for kommunestyret som overtar stafettpinnen for det vidare arbeidet.
     
  • 28. november behandlar formannskapet budsjettsaka og legg fram si innstilling til kommunestyret.
     
  • 12. desember vedtar kommunestyret budsjettet for neste år og HØP for 2025-2028.