Gratis ungdomskort i Ryfylke

Gratis ungdomskort i Ryfylke

Ungdom i Ryfylke-kommunane kan reisa gratis med kollektivtransport i Rogaland. Her får du informasjonen du treng om ungdomsbilletten. 

Frå 1. september 2024 kan ungdom mellom 15 og 22 år som bur i Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand-delen av Sandnes reisa gratis med kollektivtransport i Rogaland.  

Det betyr gratis reiser på dei fleste bussar, hurtigbåtar, tog og ferjer i Rogaland. 

Du kjøper sjølv U23-billetten gjennom Kolumbus sin mobilapp og søkjer om tilbakebetaling i etterkant gjennom eit elektronisk skjema.  

På Ryfylke IKS sine nettsider får du all informasjon du treng om korleis du kjøper billetten, korleis du får pengar tilbake etter billettkjøp og kven som kan bruka ungdomsbilletten.

Gratis-ordninga gjeld i første omgang til og med 31. desember 2025.