Nytt kulturhus i Strand

Lysebygget på Jørpeland skal byggast om til nytt kulturhus i Strand. Her er planane for det nye kulturbygget. 

Fasadetegning av nytt kulturhus sett i fra sjøsiden - Klikk for stort bildeFasadetegning av nytt kulturhus sett i fra sjøsiden

Torghuset på Jørpeland har til nå fungert som kulturhus i Strand. Men dei gamle fabrikklokala er langt frå optimale til dagens krav og forventningar til eit kulturhus. Lokala er heller ikkje eigna til ombygging.

Derfor har politikarane i Strand vedtatt å inngå leigeavtale for nytt kulturhus i Lysebygget i Jørpeland sentrum. Torghuset skal på si side leggast ut for sal.

Bakgrunnen for å leiga framfor å bygga nytt er kommunen sin utforfordrande økonomiske situasjon og investeringsbehov i blant anna helsesektoren.

Mange viktige tilbod

22.oktober 2024 signerte Strand kommune leigeavtale for nytt kulturhus. Leigekontrakten blei inngått med selskapet Kvalshaugveien 6 AS, eigaren av Lysebygget ved torget på Jørpeland. 

Planen er at det nye kulturhuset er innflyttingsklart seinast våren 2026.

Det nye kulturhuset vil husa mange viktige tilbod til innbyggarane i Strand:

  • Bibliotek, frivilligsentral, turistinformasjon og formidlingsrom for barn skal få plass i hovudetasjen i hovudbygget som er vendt inn mot Jørpeland torg.
  • I hovudbygget vil det også vera plass til ein kommersiell aktør som kan driva kafé.
  • Bibliotek blir det også i andre etasje i hovudbygget, i tillegg til møterom, kontor, stillerom, studieplassar, næringsklynge og folkeverkstad.
  • Fritidsklubben får plass i underetasjen saman med Seniorenes Hus. Det blir både kjøkken, spelsoner og aktivitetssoner til fritidsklubben, i tillegg til møterom og kjøkken for lag og organisasjonar.
  • I tillegg skal lagerhallane tilpassast til kulturscene og kino for om lag 300 sitjande og 500 ståande publikummarar.
  • Det er også tilstrekkeleg plass til å etablera backstage og lager i tilknyting til den store hallen/kulturscena.

Fleire og meir varierte kulturopplevingar

Det nye kulturhuset får ei sentral plassering i sentrum, like ved torget. Eit bibliotek og hovudsal i Jørpeland sentrum vil skapa eit meir attraktivt sentrum, både for innbyggarar og turistar.

Med sal for både kino, konferanse og kulturarrangement blir det opna opp for fleire og meir varierte kulturopplevingar for innbyggarane i Strand. Dette blir ein viktig arena for Jørpeland som regionsenter for Ytre Ryfylke.

Bygget vil vera ein viktig møteplass for alle, alt frå barn og unge (ungdomsklubb) til seniorar (Seniorenes Hus).
Eit nytt kulturhus i Lysebygget vil gi gode og og framtidsretta fasilitetar for både befolkning og tilsette i kommunen. 

Nytt utstyr

Leigeavtalen for kulturhus i Lysebygget varer i 15 år, men med opsjonar om å utvida.

Gjenbruk av interiør og møblar, i hovudsak frå Torghuset, blir viktig for å spara kostnader.

Det blir likevel behov for noko nytt utstyr. Blant anna teleskoptribune for 300 personar, supplerande sceneutstyr og noko til biblioteket.

Innan dei neste 15 åra må det planleggast for eit heilt nytt kulturhus i Jørpeland sentrum, ifølge investeringsplanen til Strand kommune og mulegheitsstudien Vågen-Grøtnes.

Målet er at det nye ustyret som blir kjøpt til Lysebygget skal flyttast vidare til det som blir det framtidig nye kulturhuset i Strand.

Artikkelen blir oppdatert med framdriftsplan på eit seinare tidspunkt.