Ordførar møter innbyggarar

Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes inviterer alle innbyggarar til ein uformell drøs kvar siste torsdag i månaden.

 

 

Dato
26. september 2024
Tid
15:00 - 18:00
Sted
Torghuset

I lokala til Strand frivilligsentral på Torghuset på Jørpeland kan du møta Strand-ordføraren til ein uformell «kaffidrøs».

– Invitasjonen går til alle, og du kan ta opp kva som helst. Ingenting er for stort og ingenting er for smått, seier ordføraren.

Ordføraren testa ut dette konseptet sommaren 2024. Erfaringane er så gode at det nå er sett av ein fast dag i månaden til «ordførarpraten».

Arrangør

Strand kommune